
Indiaøl 6,0%
Skjergard er ein lett og frisk India Pale Ale bryggja med 100% norsk malt frå JærMalt og rikelege mengder tysk Solero humle. Solero gjev eit preg av tropisk frukt, spesielt mango og pasjonsfrukt, medan den tradisjonelle golvmaltinga hos JærMalt gir ein rein og balansert maltprofil med mjuke undertonar av korn. Ølet er laga for å nytast åleine, men eignar seg òg godt til grillmat og andre sommarlege rettar.
Sesongprodukt. Tilgjengeleg hos ein del Horecakundar frå mai 2026. Kjem på Vinmonopolet juli 2026.

Humla pils 4,7%
Solglimt er ein humla pils med rein og lett maltprofil, bryggja for dei lyse timane i året. Eit forsiktig dryss av fruktig, amerikansk humle gir subtile innslag av sitrus og tropisk frukt, og balanserer
ølet på ein mjuk og behageleg måte. Passar godt til lett sommarmat som salatar, spekemat og andre enkle rettar.

Trippel sesong 9,5%
Jubel er eit festøl for dei store høgtidene. Lett og frisk, fruktig og perlande. Ølet er ei hylling til den belgiske handverksøltradisjonen og blir berre produsert i ei avgrensa mengde på magnumsflasker. Nyt det som ein godt avkjølt aperitiff i høge glas. Blir tilgjengeleg i mai igjen.

Lyst amerikaøl 5,5%
Vårt sommarøl eit lyst og friskt sesongøl av typen amerikansk pale ale. Det er humledominert og har stor friskleik. Passar godt åleine eller til grillmat.
Tilgjengeleg frå mai – august.

Belgisk Blond 4,7%
Før i tida hadde alle gardar dreng eller gardsgut, som hjelpte til med smått og stort. Det kvinnelege motstykket til dreng var taus. Drengen jobba mest ute, og tausa hadde meir arbeid innomhus. Dreng er eit lyst øl med vekt på dei fruktige og lett krydra smakane, som berre belgisk klostergjær i opne kar kan gje. Dette friske ølet høver like godt til sjømat og lette vegetarrettar som å drikke åleine.

IPA 4,7%
For ølbryggjarar er slyngplanten humle ein heilagplante. Nesten all humle blir no dyrka lenger sør enn våre breiddegrader, men sidan middelalderen har det vore dyrka humle for ølbryggjing på dei fleste norske gardar. I vår lette og lyse IPA Helgen har vi nøye valt ut våre amerikanske humlefavorittar, og vi har laga eit lettdrikkeleg, overgjæra øl med frisk humlearoma.

Belgisk gardsøl 7,5%
Saison Extra er eit ekstra sterkt belgisk gardsøl. Tradisjonelt sett var belgisk gardsøl eit svakt øl for landarbeidarane, men det kunne òg vere eit mykje sterkare øl til festbruk når avlinga var berga i hus. Passar som aperitiff, til lyst kjøt eller kraftige fiskerettar.

Engelsk Ale 6,0%
Han er ikkje konge og heller ikkje dronning, men han er Knekten! I kortstokken er ikkje knekten høgst på rangstigen, men han er alltid med i spelet og ofte den som gjer jobben. Slik ein engelsk ale også gjer. Engelskmennene har vore flinke til å halde på øltradisjonane sine, og alle bryggeri hadde nokre sterkare øl i porteføljen. Knekten er eit sterkøl i engelsk stil med perfekt balanse mellom den litt kjeksaktige maltsmaken og tradisjonelle humlesortar. Vi brukar East Kent Golding og First Gold i dette klassiske brygget. Drikk gjerne Knekten til husmannskost.

Lyst lagerøl 6,0%
Kvar haust er oktoberfesten det store høgdepunktet i Bayern. Oktoberfestølet er eit lyst lagerøl, som er litt sterkare enn vanleg. Det vert tradisjonelt bryggja nokre månader før festen for å få rett modning. Vårt oktoberfestøl er gjære i opne kar, og har fått gode dosar med tysk edelhumle og lang lagringstid på tank før flasking. Drikk Oktoberfest til lettare matrettar som laks, aure og salatar eller berre som eit glas åleine, helst i stor seidel.