Kveldsbris bryggja vi for å ha eit reint, friskt og ikkje for alkoholsterkt belgisk øl. Ølet har fin balanse mellom belgisk gjæringspreg og dei edlaste humlevariantane frå tre ulike distrikt: East Kent Goldings frå Sør-England, Saaz frå Zatec i Tjekkia og Amarillo frå Yakima Valley i USA. Kveldsbris er eit svært anvendeleg matøl, som gjerne taklar litt meir krydder og feitt enn eit vanleg kveiteøl.
Malt: Pilsner malt, kveitemalt og lys karamellmalt
Humle: East Kent Goldings, Saaz og Amarillo
Gjær: Wyeast 3787 Trappist High Gravity