Om oss

Eg har bryggja øl heime sidan slutten av tenåra. Kvaliteten på ølet i desse unge år var så ymse, men gleda over å lage noko sjølv var drivkrafta. Alltid vart det kokt einerlog, og litt etter litt vart kunnskapsnivået høgare og råvarene betre. Rundt årtusenskiftet vart kvaliteten på ølet mitt riktig så bra, og eg byrja å delta i konkurransar i regi av Norsk Hjemmebryggerforening (Norbrygg) og vann prisar. M.a. vart eg kåra til årets heimebryggjar to år på rad. I dette miljøet vanka også handverksølpionerar som Kjetil Jikiun og Jens Maudal, og ikkje så lenge etter var desse karane i gang med eigne bryggeri.

Nokre år seinare, i februar 2007 medan eg låg på sofaen med foten i gips bestemte eg meg: Eg seier opp jobben som naturfaglærar og startar Kinn Bryggeri. Ann-Magritt, kona mi, støtta meg, men var nok ikkje førebudd på dei travle og heller magre åra som skulle komme. Med litt starthjelp frå Innovasjon Norge, romsleg huslån tiltenkt oppussing og hjelp frå familien vart Kinn Bryggeri AS starta i april 2009.

I mellomtida hadde eg prata med mange av dei som starta opp tidleg: Nøgne Ø, Haandbryggeriet, Ægir, Baatbryggeriet, Lillehammer Bryggeri og Små Vesen. Litt etter litt fekk eg samla saman utstyr: Maltmølle frå Haandbryggeriet, kokekjele, malstraum og ymse anna frå Små Vesen, meiskekar, varmtvasstank, lagringstankar og opne gjæringskar frå Tine. Litt etter litt vart bryggeriet komplett. Den einaste biten av utstyret som vart kjøpt nytt var varmevekslaren og slangar. Det tok eg ikkje sjansen på å kjøpe brukt. Det hadde vore ein særs dårleg start om eg fekk med ein stygg bakterieinfeksjon frå varmevekslaren. I denne samlefasen hadde eg ingen annan stad å lagre utstyret enn ute i hagen min. Heldigvis har eg tolmodige naboar som aksepterte at byggefeltet såg meir og meir ut som ein skraphandel etter kvart som utstyret kom på plass. Mykje av det måtte byggjast om for å passe til min bruk. Nokre flinke lokale sveisarar trødde til og fekk ordna større kapasitet på kokekjelen og kjølekappe på gjæringskara.

Etter litt søk etter eit høveleg lokale fekk eg tilgang på eit tidlegare butikklokale i Strandgata, like ved Rådhuset og vis-a-vis den viktigaste puben i Florø; Hjørnevikbua. Her måtte det gjerast eit omfattande ombyggingsarbeid for å komme i gang. Rom skulle delast av, meir straum måtte til, støype nytt golv og installere ventilasjon. Budsjettet var stramt, men etter mange lange dagar og med god dugnadshjelp frå familie og vener stod alt klart i slutten av november 2009.

30. november fekk eg tilverkingsbevilling og fyrste ølet vart bryggja: Pilegrim. Etter ein litt for lang gjæringsprosess grunna for lite gjær fekk eg topphausta nok til å sette brygg nummer to: Sjelefred. Dette ølet gjæra raskare og allereie den 11.12 kunne eg invitere til oppskoke på Hjørnevikbua. Av pragmatiske grunnar vart dette marknadsført som Julefred. Men vi hengde oss ikkje opp i det. Ølet smakte himmelsk: fruktig, karamell, røstige kaffitonar i bakgrunnen. Og servert som real ale med handpumpe frå corneliusfat. Mitt største augneblikk som ølbryggjar var då eg kunne stille meg på rett side av baren og kjøpe eit glas av mitt eige øl.

Å starte opp bryggeri i Noreg tidleg på 2000-talet var ikkje enkelt. All ære til dei som gjorde det og stod han av. Med oppstarten i 2009 låg landet meir klart for at det skulle bli ei livskraftig satsing enn det hadde gjort berre nokre år tidlegare. Og eg kunne sjå kva dei tidlegaste pionerane hadde gjort av godt og gale. Å basere seg på å tappe og etikettere små flasker for hand var ikkje vegen å gå. I staden satsa eg i byrjinga på å selje mest mogeleg av ølet på fat. Frå tida som heimebryggjar hadde eg blitt godt kjend med corneliusfat. Dette er stålfat på 19 liter som tidlegare vart mest brukt til dispenserbrus. Eg kjøpte inn eit stort parti for ein billeg penge og fekk onkelen min til å byggje ein fatvaskar av ein varmtvassberedar. Desse kunne tappast manuelt, ettergjærast på fatet og serverast med både CO2-trykk og med handpumpe. I tillegg vart det klart at eg snart måtte komme med flaskeøl på marknaden skulle vi få nok inntekter til å få det til å gå rundt. Frå Tyskland fekk vi tak i ei staseleg flaske på 75 cl. Eg såg med ein gong at dette var flaska for oss.

I 2003 flytta eg og Ann-Magritt inn i det gamle kommunehuset i Florø, Kinnhuset. Der blei kjøkenbryggeriet kalla for Kinn Bryggeri. I 2005 gifta vi oss på øya Kinn vest for Florø i kyrkja frå 1100-talet. Då vi bestemte oss for å starte bryggeri var det klart kva namn det måtte ha og på logoen måtte vi sjølvsagt ha kinnaklova, det karakteristiske fjellet på Kinn med den djupe kløfta som har blitt brukt som seglingsmerke.

I ein tidleg fase av planlegginga fekk eg kontakt med den lokale illustratøren Oda Valle. Ho budde på den tida på Svanøy i Florøskjærgården og jobba med å etablere eit designfirma. Eg trur eg var fyrste kunden hennar. Vi fann tonen og byrja med å jobbe med produktuttrykket. Eg ville at øldrikkaren skulle ha ei triveleg oppleving heile vegen frå han ser flaska i hylla og heilt til den havnar i glassigloen. Eg ville ha ein trygg og traust figur på etiketten og etter litt om og men landa vi på å bruke nynorsken sin far Ivar Aasen som modell. Sjølvsagt har Oda vridd litt på han på hennar spesielle måte, men det er Ivar vi har basert etikettfiguren på. I ettertid har vi fått påpeika av ølbloggaren Hugo Ivan Hatland at figuren vår liknar vel så mykje på Hans Jensson Blom, tidlegare sokneprest på Kinn, men dette visste vi ikkje då vi lagde designet. Vi har stått ved det originale grafiske uttrykket vårt og har jobba vidare med det etter kvart som vi har lansert nye øl.

Vidare var det viktig at utsjånaden vår skulle være heilskapleg. Vi skulle kunne lansere nye produkt og forbrukaren skulle med ein gong kjenne igjen at det er eit Kinnøl. Og han skal få kjensla av at dette er handverk. I dette biletet passa 75 cl flaska vår godt inn. Med same storleik som ei vinflaske glir den fint inn i Vinmonopolet sine hyller og i tradisjonen til dei beste belgiske bryggeria. Vi skal ikkje ta på oss æra for å ha konstruert ordet «deleøl», men vi har bidrege sterkt til auka bruk av uttrykket.

I starten var det berre eg som jobba på bryggeriet. Bryggjing, tapping, vasking, sal, leveringar, innkjøp og so vidare. Det var lange dagar, men det starta å gå rundt. I 2010 vart det bryggja 700 liter ein gong i veka, akkurat nok til å få bedrifta til å overleve. Og mot slutten av året kunne eg oppsummere 11 ulike øl: Pilegrim, Sjelefred, Julefred 4,7% og 6,7%, Vestkyst, Jubileum, H. Hjørnevik, Målstefna, Knutholmer, Dampen og Svart Hav. Eg hadde fått hjelp av svogeren min, Henri Banne, det var til stor hjelp i produksjonen og vi hadde flyt. Vi kom inn på gode ølbarar og butikkar i dei større byane og var ikkje lenger berre eit lokalt ølmerke.

Hovudideen med å starte Kinn Bryggeri var å få dei same øla som eg hadde laga heime på kjøkenet ut til dei ølinteresserte i Noreg. Kvaliteten på dei norske handverksøla var i verdstoppen, så skulle eg hevde meg måtte alt vere minst like bra som Nøgne Ø og Haandbryggeriet. Eg ville at det gamaldagse handverket skulle vere i fokus. Eg ville ikkje lage ein liten versjon av eit industrielt bryggeri der du trykkjer på knappar og ikkje ser ølet før du har det i glaset. Å bruke opne gjæringskar var for meg det einaste rette. Det er verkeleg fascinerande å kunne følgje gjæringa frå vørteren blir tappa i karet. Skumming og gjærhausting med ein spade. Følgje med på korleis skummet på toppen endrar karakter og vite nøyaktig når ølet er klart til å tappast til lagringstanken.

Vi kan aldri gå vekk frå denne typen gjæring.

I byrjinga hadde eg berre ein sort gjær, Wyeast 1318 London Ale III. Denne vart valt ut fordi den var påliteleg, hadde rett smaksprofil og ikkje minst, den er ein fantastisk god topphaustar. Skumlaget mot slutten av gjæringa er 5-10 cm tjukk kompakt masse som lett lar seg spa av. Då vi starta med å produsere Jubileum til Florø by sitt 150-årsjubileum i mai 2010, fekk vi inn Wyeast 3787 Trappist High Gravity. Denne hadde eg også lang erfaring med frå tida mi som heimebryggjar og dette er ei utruleg anvendeleg gjær som kan brukast til ei lang rekkje ulike belgiske ølstilar.

Med opne tankar er det både fordelar og ulemper. Ulempene er at det er meir manuelt arbeid og meir arealkrevjande å ha opne tankar, men dette blir uvesentleg når ein ser på fordelane. Open gjæring produserer øl som har ein annan smakstone enn øl frå lukka tankar. Å gje gjæra tilgang på oksygen under gjæringa bidreg til ein annan smak. Øl gjæra i opne kar kjenneteiknast ved ein mjuk, rund smak og dette gjer det mogeleg å lage smakskraftige øl som ikkje opplevast som aggressive. Ein annan fordel er at gjæra likar seg så godt i dei opne tankane at vi kan gjenbruke gjæra mange fleire gongar enn i lukka tankar. Blir gjæra behandla godt, lagar ho det beste ølet.

Våren 2011 starta vi med sal til Vinmonopolet. Det gjekk over all forventing og Vestkyst, Slåtteøl og Bøvelen var meir utselde enn dei var tilstades i hyllene. Og dermed måtte vi jobbe med å oppgradere kapasiteten: Vi fekk inn ein halvautomatisk flaskefyllar og ei etiketteringsmaskin. Det var jo greitt, sidan vi var gått oss leie av å handtappe flasker og lime på etikettar for hand. Nye tilsette kom inn og vi starta planlegginga av eit nytt bryggeri. Etter store forseinkingar kom vi oss i hus i Bjørndalvegen sommaren 2013. Då hadde bryggstorleiken auka frå 800 liter til 3500 liter, men tappeanlegget var det same. All ære til bryggjarar og produksjonsarbeidarar som stod last og brast ved vår gamle Meheen tappemaskin heilt til det nye tapperiet stod klart sommaren 2014. Med dette anlegget har vi no kapasitet til å levere i større skala enn før og kan til og med vekse vidare.

Gjennom desse åra har vi hatt ulike bryggjarar og det er artig å sjå kor mange av dei som etter å ha jobba hjå oss har starta opp eigne bryggjeri. Anders Cooper starta Austmann og kjøpte vårt gamle bryggjeutstyr frå Strandgata. Tom Dahlberg starta Harstad Håndverksbryggeri og bryggjer engelske stilar i opne gjæringskar. Pål Rolfsen starta Monkeybrew i Trondheim og Bjarte Halvorsen starta Salikatt i Stavanger.

Vi er i dag blitt ei mellomstor bedrift med 14 tilsette. Ann-Magritt har vore med i heile prosessen, men begynte hausten 2014 å jobbe aktivt i bryggeriet med sal og marknad. Ho held blant anna på å byggje opp eksportmarknaden vår, og pr. i dag kan ein få tak i Kinn-øl i Danmark, Sverige, Finland, England, Russland, Tyskland, Belgia og Spania.

Etter kvart som Kinn Bryggeri har vakse, er min kvardag lite bryggjing og mykje kontorstol. Dette måtte eg gjere noko med og sommaren 2016 var eg igjen tilbake med bryggjing i Strandgata. Våren 2016 vart det endå ei runde med å skaffe brukte skraptankar som vart omgjorde til bryggeriutstyr. På gamlebryggeriet i Strandgata har vi opne gjæringstankar for brygg på 25 liter, 400 liter og 800 liter. Vi har eige utstyr for gjæring av øl med bakteriar og villgjær åtskilt frå det vanlege bryggjeutstyret. Vi har eit eige temperaturkontrollert fatlager for modning på eikefat samt ein kjellar under jorda for langtidslagring. Altså ein ypparleg verkstad for arbeid med nye oppskrifter, idear, morosame råvarer og utprøving av nye teknikkar.

Vi har heile tida vore opptekne av å kombinere mat og øl, noko vi ynskjer å få fram på nettsida vår ved å ha ein eigen Mat & Øl-finnar. I tillegg samarbeider vi med restaurantar om å sette øl til mat. Sommaren 2017 opna vi vår eigen ølkafé, Vesle Kinn, i same lokalet som gamlebryggeriet. Der serverer vi tolv ulike øl på tapp. I tillegg har vi eit bra utval med flaskeøl både frå eigen produksjon, men også frå andre norske og utanlandske bryggeri. På Vesle Kinn kan ein kike i gjæringskara og kjenne på atmosfæren til eit skikkeleg handverksbryggeri. Ein kan få seg noko godt å drikke og bite i, og vi tilbyr ulike arrangement som konsertar, quiz, bokbad, språkkveldar, film osv. Vesle Kinn er ein ølkafé med fokus på kvalitet og gode opplevingar.