Solsnu

Fransk gardsøl 7,5%

Solsnu

Fransk gardsøl 7,5%

Mange brukar fisk eller fjørfe til julemat, og Solsnu er eit øl laga særleg for desse julemiddagane. Ølstilen er fransk gardsøl (bière de garde), og den er kjenneteikna av svakt fruktigheit frå gjæringa, eit moderat, men edelt humlepreg og ein tydeleg maltkropp. Dei tradisjonelle mørke juleøla høver best til kjøtt, og for å bøte på dette lanserte vi Solsnu jula 2014. Solsnu vann bronsemedalje i Barcelona Beer Challenge i 2017.

Malt: Pilsner malt, bayermalt, lys karamellmalt og avskala sjokolademalt
Humle: Hallertau Northern Brewer og Hallertau Mittelfrüh
Gjær: Wyeast 3787 Trappist High Gravity

Solsnu passar til:

Øltype:

Fransk gardsøl 7,5%

Alkohol

7,5%

Bitterheit

25 IBU

Vørterstyrke

16,6 °P

Temperatur

6-8 °C

Farge

Størrelse:

75 cl flaske og 20 l keykeg

Vinmonopolet:

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.