Vårt sesongøl til påske er eit øl med røter i dei opprinnelege indiaøla som vart laga i England på 1800-talet. Lyse øl med lett maltkropp og store mengder engelsk humle. Humlesmaken på eit slikt indiaøl er annleis enn på dei fleste moderne indiaøl som er bryggja med amerikanske humlesortar. Kinn Påskeøl er lys disig på farge og har eit meir delikat humlepreg. Bitterheita er relativt høg, og humlesmaken har nyansar av blomar, sitron og marsipan. Kun tilgjengeleg rundt påske.
Malt: Maris Otter Pale Ale malt
Humle: Fuggles, East Kent Golding og Jester
Gjær: Wyeast 1318 London ale III