Det er rett nok berre smular att av det stolte britiske imperiet, så det er berre minner frå ei tapt tid denne engelske IPAen kan vekke. Lys malt med eit lite streif av svartbrent malt og engelsk East Kent Golding humle. Ølet er naturlegvis gjæra på gamlemåten i opne gjæringskar med engelsk overgjær. Imperiet er eit flott matøl til smakfull sjømat, lyst kjøtt og krydderdominerte rettar.
Malt: Pilsner, Münchener- og karamellmalt
Humle: Fuggles, East Kent Golding og Jester
Gjær: Wyeast 1318 London ale III