Grindaguten

Belgisk Saison 6,5%

Grindaguten

Belgisk Saison 6,5%

I tidligare tider gjorde ofte landevegen ein sving innom gårdane, og passerte ofte gjerder og grinder som hindra trafikken. For ungane kunne dette by på ekstrainntekt, då dei ofte fekk ein mynt eller to for å opptre som «grindagut» og opne for hest og kjerre eller bil som passerte. No er det Ivaren som er grindaguten. Ein saison er ein fin døropnar inn i ølverda.

Grindaguten er ein lys og tørr belgisk saison, som er eit verkeleg godt matøl. Du kan bruke Grindaguten til det meste, og den har ei fabelaktig evne til å tilpasse seg maten. Ost, fisk, kylling, svin, får, – ja det meste vil passe å servere til ein god klassisk saison.

Malt: Pilsner malt, kveitemalt, black malt, sukker
Humle: Hallertau Northern Brewer og Tettnanger
Gjær: Lallemand Farmhouse Ale

Grindaguten passar til:

Øltype:

Belgisk Saison 6,5%

Alkohol

6,5%

Bitterheit

29 IBU

Vørterstyrke

13 °P

Temperatur

4-8 °C

Farge

Størrelse:

75 cl flaske og 20 l keykeg

Vinmonopolet:

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.