Det er fort gjort å bli dratt inn i humlestaumen, og då er det ikkje lett å komme seg ut igjen. Malstraum er ein frisk og fruktig Pale Ale med tropisk og fruktig humlearoma. Disig oransjefarga med eit fast, kvitt skum. Lett malt, men også litt bitterheit for å gje meirsmak og drikkbarheit.
Vi brukar humlesortane Zeus, Cascade, Chinook, Simcoe og Citra. Malstraum er fyrst og fremst bryggja for å drikkast åleine, men passar fint til krydra mat og grilling.
Malt: Pilsner, Münchener- og karamellmalt
Humle: Zeus, Chinook, Cascade, Simcoe og Citra
Gjær: WLP066 London Fog