Munken
Belgisk blond 4,5%
Munken
Belgisk blond 4,5%
Soga om Sankta Sunniva fortel om ei irsk prinsesse og følgjet hennar som flykta over havet og stranda på øyene Selja og Kinn. Om dei drakk øl fortel ikkje soga noko om, men ølbryggjing høyrde som kjendt klosterlivet til og munkane som kom til Selja på 1100-talet bryggja øl med eigendyrka humle frå øya. Munken er altså eit øl med anar frå belgiske trappistkloster og liknar på ølet som munkane drikk til dagleg bruk. På Kinn Bryggeri brukar vi same gjæra og same typen gjæringskar som munkane brukar og i lag med flaskekarbonering så blir resultatet ekte smakar. Munken er moderat humla for at ikkje dei fine smakstonane frå gjæra skal bli overdøyvde. Ølet har eit lite innslag av mørk karamellmalt og dette skapar ein spanande effekt og løftar det som matøl. Munken passar godt til lettare matrettar som fisk og skaldyr og bør serverast ved 6 – 8 °C
Malt: Pilsnermalt, Cara blond, Special B
Humle: Cascade, Tettnanger
Gjær: WLP530 Abbey Ale
Munken passar til:
Øltype:
Belgisk blond 4,5%
Alkohol
4,5%
Bitterheit
24,4 IBU
Vørterstyrke
10 °P
Temperatur
6-8 °C
Farge
Størrelse:
33 cl flaske
Vinmonopolet:
EPD: 5514104 / Coop: 7103665
Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.