Det finaste vi kan tenke oss er ein stille sommarkveld ute ved Ytterøyane fyr med blikkstille hav. Der har du utsikt rett mot Kinnaklova og sola som går nedi havet. Då passar det godt med eit lyst og friskt øl av typen gose; eit overgjæra kveiteøl der vørteren blir syna før den bli kokt. Det er dog ikkje eit surt øl, men prosessen tilfører det bittelitt ekstra syre for å gi det ein frisk pust. Og ølet er krydra med små mengde koriander og salt for å framheve det friske uttrykket. Saltet har vi henta frå North Sea Salt Works som er ein handverksprodusent på øya Gossen i Møre og Romsdal. Havblikk er eit suverent øl å leske seg på ein varm sommardag ved havet, eller å drikke til lett sjømat og salat.
Malt: Pilsner, kveite og syrna malt
Humle: Magnum og Styrian Bobek
Gjær: Fermentis US-05
Krydder: Koriander & Salt frå North Sea Salt Works
Havblikk passar til:
Øltype:
Lys & frisk/Gose 4,5%
Alkohol
4,5%
Bitterheit
10 IBU
Vørterstyrke
10 °P
Temperatur
6-8 °C
Farge
Størrelse:
33 cl flaske og 20 l keykeg
Vinmonopolet:
EPD: 5739354 / Coop: 7139516
Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.