Som etiketten antydar er Bøvelen eit øl ein bør behandle med respekt. Vi har sett på korleis munkane i trappistordenen i Belgia bryggjer sine sterke øl og henta inspirasjon frå dei. Trass i alkoholstyrken er Bøvelen eit friskt øl. Ein god belgisk trippel er kjenneteikna av ein gylden farge, balanserte ”belgiske” smakar, eit friskt humlepreg og berre ein tanke sødme i avslutninga. Og alkoholen skal være godt skjult under det heile.
Malt: Pilsner malt og sukker
Humle: East Kent Goldings og Hallertau Mittelfrüh
Gjær: Wyeast 3787 Trappist High Gravity