{"id":192,"date":"2023-12-19T05:13:03","date_gmt":"2023-12-19T04:13:03","guid":{"rendered":"https:\/\/kinn.no\/?page_id=192"},"modified":"2024-01-25T05:20:30","modified_gmt":"2024-01-25T04:20:30","slug":"tilsette","status":"publish","type":"page","link":"https:\/\/kinn.no\/bryggeriet\/tilsette\/","title":{"rendered":"Tilsette"},"content":{"rendered":"\n

Tilsette<\/h1>\n\n\n

Kinn Bryggeri har ein samansett arbeidsstokk som har kompetanse p\u00e5 mange ulike felt. Saman har vi det kjekt p\u00e5 jobb og f\u00e5r til mykje bra!<\/strong><\/p>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Espen er grunnleggaren av Kinn Bryggeri. I 2009 starta han opp Kinn Bryggeri i eit 80 m2<\/sup> stort lokale i hovudgata i Flor\u00f8. Han har stor lidenskap for godt \u00f8l og god mat. Espen er lektor i biologi, men etter \u00e5 ha jobba som l\u00e6rar i nokre \u00e5r og bryggja heime p\u00e5 kj\u00f8kkenet i end\u00e5 fleire \u00e5r, bestemte han seg for \u00e5 gjere hobbyen til levebr\u00f8d. M\u00e5let til Espen er \u00e5 lage godt \u00f8l og forkynne \u00f8lkultur.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Ann-Magritt er Espen sin medsamansvorne i Kinn Bryggeri, og har vore st\u00f8ttespelar heile vegen. Fr\u00e5 hausten 2014 var ho p\u00e5 plass i administrasjonen, og har marknad og sal som sitt felt. Ho har studert fransk, spansk, tysk, ulike samfunnsfag og har jobba som l\u00e6rar i mange \u00e5r.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Knut er ein ganske s\u00e5 aktiv styreformann i Kinn Bryggeri. Knut si oppg\u00e5ve er \u00e5 bidra til at vi, i tillegg til \u00e5 bryggje godt \u00f8l, ogs\u00e5 utviklar Kinn Bryggeri som bedrift. Knut er \u00f8konom med variert bakgrunn, mellom anna som ein av gr\u00fcnderane bak IT-bedrifta Mercatus i Flor\u00f8.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Andrew er tilbake som produksjonssjef! Skotten jobba hos oss fr\u00e5 2018 – 2020 og sommaren 2022 greidde vi heldigvis \u00e5 lokke han tilbake til Flor\u00f8. Andrew har mykje erfaring fr\u00e5 bryggeri i Canada, New Zealand og Estland og han har solid har utdanning fr\u00e5 Harriot-Watt University. Andrew held ei st\u00f8dig hand p\u00e5 produksjonen.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Federico fr\u00e5 Italia begynte hos Kinn Bryggeri v\u00e5ren 2022. Federico har mykje erfaring fr\u00e5 serveringsbransjen og er vinsommelier, men ogs\u00e5 lidenskapleg opptatt av \u00f8l. I tillegg har han stor spr\u00e5kinteresse og har studert b\u00e5de norsk og tysk. Federico har etterkvart tatt over bryggjinga p\u00e5 Vesle Kinn.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Greg kjem fr\u00e5 Silesia, ein region i den s\u00f8rlege delen av Polen. Hans lidenskap for reising og interesse for \u00e5 oppdage verda gjorde at han tok master i geografi og deretter pedagogikk. I l\u00f8pet av studietida og i tida etterp\u00e5 haika han rundt i Europa. D\u00e5 han kom til Noreg blei han forelska i naturen her, og han bestemte seg for at han ville bli verande. Hans heimebryggjarinteresse og erfaring fr\u00e5 fleire bryggeri i Noreg dei siste \u00e5tte \u00e5ra f\u00f8rte han til Kinn Bryggeri og jobben som tapperisjef.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Petter Odin er Flor\u00f8gut, heimebryggjar og utdanna kokk. Han har med seg erfaring fr\u00e5 topprestaurantar b\u00e5de i Noreg og Sverige, og med sin lidenskap for smak passar han veldig godt inn i Kinn-temaet.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Joakim er ein ekte Flor\u00f8gut med stor lidenskap for Kinn-\u00f8l. Han har jobba i skuleverket med ungdommar i mange \u00e5r og har erfaring som bartendar, men hausten 2022 blei han ein del av Kinn-familien og held no styr p\u00e5 lageret.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Raoul er f\u00f8dt og oppvaksen i Nederland, men i vaksen alder har han heile tida s\u00f8kt nye h\u00f8gder i livet. Medan han jakta p\u00e5 sn\u00f8kledde fjelltoppar rundt i verda oppdaga han lidenskapen for \u00f8l. Han returnerte til r\u00f8ttene sine og begynte \u00e5 utforske tradisjonelle europeiske \u00f8lstilar, som er det han likar aller best. F\u00f8rst utdanna han seg til \u00f8lsommelier og etterkvart begynte han \u00e5 produsere \u00f8l. P\u00e5 Kinn Brygger har Raoul mulegheit til \u00e5 drive med sine to st\u00f8rste lidenskapar i livet: Drive med utand\u00f8rs sportsaktivitetar i den flotte vestlandsnaturen og lage godt \u00f8l!<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Heimebryggjaren Thomas byrja som sommarvikar p\u00e5 kontoret i 2014 og fekk jobb som seljar vinteren 2015. Han held forskjellige arrangement og oppl\u00e6ring p\u00e5 restaurantar og serveringsstader. Vidare held han kontakten med nye og gamle kundar. Hausten 2017 blei Thomas Salssjef for uteliv. Thomas er utdanna innafor marknadsf\u00f8ring og \u00f8konomi.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

LingWu begynte \u00e5 jobbe som logistikkoordinator v\u00e5ren 2019 og v\u00e5ren 2022 blei han logistikksjef. Med mange \u00e5rs erfaring fr\u00e5 lagerarbeid og med logistikkutdanning i ryggen s\u00e5 er han godt rusta til \u00e5 koordinere logistikkarbeidet hos Kinn. Ling er ogs\u00e5 v\u00e5r interne IT-support.<\/p>\n<\/div>\n\n\n\n

\n
\"\"<\/figure>\n\n\n\n

Oda har vore Kinn Bryggeri sin faste designar sidan oppstarten. Ho har illustrert og designa Kinn sin visuelle profil, og har sidan jobba for diverse andre bedrifter. Oda er utdanna i Visuell Kommunikasjon fr\u00e5 Birmingham Institute of Art and Design i England.<\/p>\n\n\n\n