Våre øl / Matkategoriar / Får / Blåmyra
Blåmyra
Staut øl/Stout 6%
Blåmyra
Staut øl/Stout 6%
Blåmyra er eit svart overgjæra øl etter engelsk oppskrift. Amber og svartmalt gir svart farge og røsta smakar av toast og kaffi, og East kent Golding humle gir krydder og litt blomster. Blåmyra er mest i dry stout stilen, altså eit svart øl som er svært drikkbart. Ein kvardagshelt, som ikkje tek for stor plass. Prøv gjerne Blåmyra til mat som kjøtgyter, indisk eller taco, – den mørke malten taklar sterk krydra mat. Men prøv den også til ein sjokoladedessert.
Blåmyra blir brukt som poetisk navn på havet, ofte Atlanterhavet. «Pløye blåmyra», «dra over blåmyra» til USA. Kinn Bryggeri ligg ved havet og havet har alltid inspirert oss. Galeasen Svanhild ligg ved hamn i Florø og er den stolte skuta som pryder etiketten. Les gjerne meir om Galeasen Svanhild på www.svanhild.no
Malt: Pilsner, amber og black malt
Humle: Magnum og East Kent Golding
Gjær: Wyeast 1318 London III
Blåmyra passar til:
Øltype:
Staut øl/Stout 6%
Alkohol
6 %
Bitterheit
40 IBU
Vørterstyrke
15 °P
Temperatur
6-8 °C
Farge
Størrelse:
75 cl og 20 l keykegs
Vinmonopolet:
Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.