JUBILEUM
- Belgisk kveiteøl 4,5%
Jubileum vart fyrste gong bryggja til Florø by sitt 150-års jubileum i 2010, men vart raskt eit fast produkt. Det er gjæra med vår spesielle overgjær frå eit kloster i trappistordenen i Belgia. Denne gjæra lagar øl som er tørre, med eit komplekst krydder- og fruktpreg. Til Jubileum brukar vi pilsnermalt, kveitemalt, umalta kveite, havregryn og svært moderate mengder humle. Heilt på slutten av kokinga tilset vi korianderfrø og tørka appelsinskall. Dette gir eit lett og delikat krydderpreg, og er med på å gjere Jubileum til eit svært godt val til dei lettaste fiske- og sjømatrettane, samt til grøne salatar.
Malt: Pilsner malt, kveitemalt, umalta kveite og havregryn
Humle: Hallertau Northern Brewer og Saaz
Krydder: Appelsinskall og korianderfrø
Øltype : Belgisk kveiteøl 4,5% | ||||
Alkohol | Bitterheit | Vørterstyrke | Temperatur | Farge |
4,5% | 15 IBU | 10,4 °P | 6-8 °C |
Øltype : | ||||
Alkohol | 4,5% | |||
Bitterheit | 15 IBU | |||
Vørterstyrke | 10,4 P° | |||
Temperatur | 6-8 C° | |||
Farge |
Størrelse: 37,5 cl flaske og 20 l keykeg
Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.