BROTTSJØ, DOBBEL IPA 8,5%

I veke 16 kjem vi med vår dobbel IPA! Brottsjø er eit ekstra sterkt indiaøl på heile 8,5% alkohol. Det er ikkje lett å finne balansen mellom malt og humle av denne typen, men vi brukar vår belgiske klostergjær og ein god dose sukker for å få det rette forholdet mellom maltsøtleik og alkoholinnhald. Humlinga er gjort med dei amerikanske sortane Zeus, Citra og Mosaic og med ein liten dose Sorachi Ace. Fruktig og krydra på same tid. Dette ølet er så kraftig på smak at det nok høver best åleine. Alternativt kan dette ølet drikkast attåt kraftige  ostar.


Publisert: 08.04.2016 21:41