Tilsette

Kinn Bryggeri har ein samansett arbeidsstokk som har kompetanse på mange ulike felt. Saman har vi det kjekt på jobb og får til mykje bra!

Espen Lothe

Espen er grunnleggaren av Kinn Bryggeri. I 2009 starta han opp Kinn Bryggeri i eit 80 m2 stort lokale i hovudgata i Florø. Han har stor lidenskap for godt øl og god mat. Espen er lektor i biologi, men etter å ha jobba som lærar i nokre år og bryggja heime på kjøkkenet i endå fleire år, bestemte han seg for å gjere hobbyen til levebrød. Målet til Espen er å lage godt øl og forkynne ølkultur.

Ulf

Ulf kom med på Kinn-laget vinteren 2015. Han har fotograf – og journalistbakgrunn, men skifta retning og blei sertifisert bryggerimeister ved VLB i Berlin. Ulf er produksjonssjef hos Kinn. Han tar seg også av omvising og smaking på bryggeriet, og har ansvaret for laboratorieanalyser og kvalitetskontroll.

Tadas Dobilas

Tadas Dobilas har hovudfag i prosesskjemi, lang jobberfaring frå meieri og bryggeri, samt bryggerimeisterutdanning frå Den Skandinaviske Bryggerihøgskulen i København. Han har vore med på laget sidan 2013 og er sentral i den daglege drifta av vørterpanna og tappelinja.

Knut Eikeland

Knut er ein ganske så aktiv styreformann i Kinn Bryggeri. Knut si oppgåve er å bidra til at vi, i tillegg til å bryggje godt øl, også utviklar Kinn Bryggeri som bedrift. Knut er økonom med variert bakgrunn, mellom anna som ein av gründerane bak IT-bedrifta Mercatus i Florø.

Ann-Magritt

Ann-Magritt er Espen sin medsamansvorne i Kinn Bryggeri, og har vore støttespelar heile vegen. Frå hausten 2014 var ho på plass i administrasjonen, og har marknad og sal som sitt felt. Ho har studert fransk, spansk, tysk, ulike samfunnsfag og har jobba som lærar i mange år.

Børge

Børge flytta heim til Florø for å jobbe i Kinn Bryggeri våren 2015. Han har utdanning innafor marknadskommunikasjon. Børge er den som har kontroll på alt ølet som går ut frå bryggeriet, og han jobbar elles med sal og marknad.

Thomas

Heimebryggjaren Thomas byrja som sommarvikar på kontoret i 2014 og fekk jobb som seljar vinteren 2015. Han held forskjellige arrangement og opplæring på restaurantar og serveringsstader. Vidare held han kontakten med nye og gamle kundar. Thomas er utdanna innafor marknadsføring og økonomi.

Kevin Jo Hansen

Kevin starta å jobbe for Kinn Bryggeri i januar 2016. Han er ølentusiast og heimebryggjar, med mange års erfaring fra serviceyrket. Kevin fartar rundt på Aust- og Sørlandet og sørgar for at nye og gamle kundar er fornøgde. Utover det held han forskjellige arrangement og passar på at restaurantar og serveringsstader kan sine saker.

OLAV KVALVIK

Olav Kvalvik er teknisk sjef hos Kinn. Han har vore i kulissane sidan Espen starta å jobbe med skrapmetall i 2008. Olav har bakgrunn innan elektrofaget og har jobba dei 10 siste åra offshore. Han er også heimebryggjar i Fullmånen Ølbryggjarlaug, og han greip sjansen når tilbodet kom om å foreine både jobb og hobby.

Janne Solheim-Olsen

Janne starta på Kinn Bryggeri i november 2015. Ho er utdanna industrirørleggar og har lang erfaring frå offshore -og skipsindustrien, samt litt lagererfaring. Janne er vår logistikk koordinator og held orden på lageret.

Jørn Are

Jørn Are har bakgrunn frå transport og produksjonsarbeid. Han held orden på lageret og er med på tapping og pakking.

Oda

Oda har vært Kinn Bryggeri sin faste designar sidan oppstarten. Ho har illustrert og designa Kinn sin visuelle profil, og har sidan jobba for diverse andre bedrifter. Oda er utdanna i Visuell Kommunikasjon frå Birmingham Institute of Art and Design i England. www.odavalle.com