/>

VESLE KINN - øLKAFé

Hausten 2018 på Vesle Kinn

Sjekk Vesle Kinn si FB-side for å følge med på kva som skjer der frå veke til veke. Vi arrangerer Stikk & Drikk, quiz, Fransk veke, juleølsmaking, filmkveld, konsertar og så vidare. Velkomen! 

KinnFest 2018

Saman med Skambankt og Byen Vår Florø lagar vi ein herleg sommarfest ute ved bryggeriet 1. juni 2018 frå 18:00 - 00:00. Skambankt kjem, The Wheels kjem, Vicereine kjem, Promotor kjem, DJ Gymbag kjem. Og Hjørnevikbua MatBar kjem for å serverer herleg sommarmat. Stas!!! Billettar på TicketCo: https://floro.ticketco.events/no/nb/e/kinnfest_2018

Og på Vesle Kinn blir det forspel og etterspel. Vi opnar 16: 00 og stenger 02:00

Porter- og stautveke på Vesle Kinn - veke 7

Frå onsdag 14.- laurdag 17. februar blir det Porter- og stautveke på Vesle Kinn. Vi går inn for fullt og set på berre mørkebrune og svarte øl på samtlege tappekraner. Vi har skrapa saman 12 ulike produkt frå små bryggeri rundt om i Noreg, som alle har stor kjærleik til dei mørke ølsortane frå dei britiske øyane. Dette er eit unikt høve til å smake produkt som elles ikkje vil vere tilgjengelege. 

Onsdag kveld kl. 19.00 rettleiar bryggerimeister Espen deg i den mørke verda. Han serverer smaksfjøla vår med 4 ulike variantar. Kom innom og varm deg i vintermørkeret!
For meir info sjå FB. 

Nye opningstider og tapas!

Vi utvider med ein dag ekstra i veka og serverer tapas, for dei som vil ha noko å bite i.

Vi vil køyre quiz ein fast onsdag i månaden og quiz-meisteren blir Arne Hjorth Johansen frå filmklubben Fiffen! Vi vil av og til ha temakeveldar på dei andre onsdagane, som til dømes vinylkveld, whisky- & ølsmaking, boklansering, historiefortelling, minikonsert, kunstutstilling, språkkafé osv. 

Vi vil også tilby diverse tapas som oliven, spekepølse, ost, focaccia, aioli...

Og så er det muleg å booke lukka arrangement for grupper med omvising, ølsmaking og om ønskeleg matservering. Ta kontakt med post@veslekinn.no

Opningstider: 

Onsdag kl. 18 - 23
Fredag kl. 16 - 00
Laurdag kl. 16 - 00


VESLE KINN – ØLKAFÉ I STRANDGATA 28

Opningstider:
Onsdag kl. 18 - 23
Fredag: kl. 16 - 24
Laurdag: kl. 18 - 24
På Vesle Kinn tilbyr vi øl både på tapp og flasker, drinkar, cider, vin, jus og andre alkoholfrie alternativ. Du kan òg nyte diverse tapas.

Omvising og smaking

Vi tilbyr omvising og/eller smaking for grupper. Det er også mogeleg å få matservering om ein skulle ønske det. Ta kontakt på post@veslekinn.no for meir informasjon og pris.