Pryl

Belgisk dobbel 7,0%

Pryl

Belgisk dobbel 7,0%

Etter tapet mot Ringnes i finalen i Bryggeribråk hausten 2014 bryggja vi Pryl for å ære vinnaren. Pryl er det matølet vi gjerne skulle hatt med i konkurransen. Belgisk overgjær har rykte på seg for å lage gode matøl, og Pryl er eit svært godt følgje til dei fleste kjøttrettar. Klassisk belgisk dobbel er eit mørkt øl der mykje av fargen kjem frå bruken av mørk kandissirup i vørterpanna. Humlinga er diskret og ølet får mykje av smaken frå den intense gjæringa. Vi let gjæringstemperaturen stige fritt heilt til 28 grader °C før vi startar kjølinga. Pryl blir tilsett eit enzym som bryt ned gluten frå bygg og er eit glutenfritt øl (<20 ppm). Vi vann sølvmedalje for dette ølet i Barcelona Beer Challenge i 2017.

Malt: pilsner malt, mørk karamellmalt, avskala sjokolademalt, sukker og mørk kandisirup
Humle: Fuggles
Gjær: Wyeast 3787 Trappist High Gravity

Pryl passar til:

Øltype:

Belgisk dobbel 7,0%

Alkohol

7,0%

Bitterheit

25 IBU

Vørterstyrke

15,5 °P

Temperatur

8-10 °C

Farge

Størrelse:

75 cl flaske og 20 l keykeg

Vinmonopolet:

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.