Pilegrim

Glutenfritt Pale Ale/Lyst engelsk øl 4,5%

Pilegrim

Glutenfritt Pale Ale/Lyst engelsk øl 4,5%

Pilegrim er ein lys og frisk engelsk bitter i Yorkshire-stil og det aller fyrste ølet som vart bryggja på Kinn Bryggeri i starten i 2009. Bitterheita er tydeleg og humlearomaen er frisk. Vi brukar hovudsakleg tradisjonelle engelske humlesortar (East Kent Goldings og Fuggles), for å gi den rette blandinga av krydder, jord og blomster. I tillegg gjev vi Pilegrim eit lite løft av amerikanske sitrustonar i aromaen med Centennial og Amarillo.

Pilegrim blir tilsett eit enzym som bryt ned gluten frå bygg og er eit glutenfritt øl (under 20 ppm). Passar fint til lyst kjøt, pizza, pasta og ikkje altfor sterkt krydra mat.

Malt: Pils- og karamellmalt
Humle: Northern Brewer, Fuggles, EKG og Amarillo
Gjær: WLP066 London Fog

Pilegrim passar til:

Øltype:

Glutenfritt Pale Ale/Lyst engelsk øl 4,5%

Alkohol

4,5%

Bitterheit

28 IBU

Vørterstyrke

11,3 °P

Temperatur

8-12 °C

Farge

Størrelse:

33 cl flaske og 20 l keykeg

EPD:

5271481

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.