Gamleguten

Lys staut 7,0%

Gamleguten

Lys staut 7,0%

Opprinneleg var stout i England eit sterkt øl. Det kunne være mørkt (stout porter) eller lyst (pale stout). Hovudsaka var at det var sterkare enn det vanlege ølet. Likevel har utviklinga gått i retninga av at ordet stout i dag berre betyr eit svart overgjæra øl. Vi tek historia på alvor og bryggjar Gamleguten som eit brunt øl, som smakar mørkare enn det ser ut. Det er sterkt og relativt lyst, og då passar det fint inn i ølstilen lys staut. Gamleguten har ein kompleks og balansert maltsmak med nyansar av mjølkesjokolade, nøtter, karamell og litt kaffi. Til Gamleguten har vi brukt maltsortane pale ale, amber og karamellmalt, og ølet er einhumla med East Kent Goldings. Gjæringa er som for våre øvrige øl i engelsk og amerikansk stil, gjort med Wyeast 1318 London Ale III.

Gamleguten vann bronsemedalje i Barcelona Beer Challenge i 2016.

Malt: Pale ale malt, karamellmalt og amber malt
Humle: East Kent Goldings
Gjær: Wyeast 1318 London ale III

Gamleguten passar til:

Øltype:

Lys staut 7,0%

Alkohol

7,0%

Bitterheit

45 IBU

Vørterstyrke

16,5 °P

Temperatur

10-14 °C

Farge

Størrelse:

75 cl flaske og 20 l keykeg

Vinmonopolet:

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.