Kinn Pils

Lyst Lagerøl 4,5%

Kinn Pils

Lyst Lagerøl 4,5%

Kinn Pils er stilmessig ein blanding av klassisk tysk og tjekkisk pils. Vi brukar tysk malt og humle, men ølet er gjæra med tjekkisk gjær. I Tyskland må eit lyst lagerøl være filtrert før ein kallar det for pils, men i Tjekkia er dei beste variantane ufiltrerte. Kinn Pils er sjølvsagt ufiltrert og ettergjæra på flaska, for å bevare mest mogeleg av dei fine smaksnyansane frå dei gode råvarene og den lange, kalde gjæringsprosessen. Det tek lang tid å lage eit godt lagerøl, og vi gjer ingen kompromiss med Kinn Pils: Primærgjæring ved 10 °C og inntil 2 mnd kaldlagring rundt frysepunktet på tank før ølet blir tappa på flasker. Dette er ølet for deg som ynskjer eit lett og friskt øl, som likevel er spanande. Fint å ha for handa når du syntest det har blitt litt for mykje trippel Indiaøl og sterke stautar i det siste.

Ikkje tilgjengeleg i daglegvare. Kun på Horeca på 33 cl og 30 l keykegs.

Malt: Pilsner og Münchener malt
Humle: Magnum og Hallertau Mittelfrüh
Gjær: Fermentis 34/70

Kinn Pils passar til:

Øltype:

Lyst Lagerøl 4,5%

Alkohol

4,5%

Bitterheit

36 IBU

Vørterstyrke

10,7 °P

Temperatur

6-8 °C

Farge

Størrelse:

33 cl flaske og 30 l keykeg

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.