Tilsette

Kinn Bryggeri har ein samansett arbeidsstokk som har kompetanse på mange ulike felt. Saman har vi det kjekt på jobb og får til mykje bra!

Espen er grunnleggaren av Kinn Bryggeri. I 2009 starta han opp Kinn Bryggeri i eit 80 m2 stort lokale i hovudgata i Florø. Han har stor lidenskap for godt øl og god mat. Espen er lektor i biologi, men etter å ha jobba som lærar i nokre år og bryggja heime på kjøkkenet i endå fleire år, bestemte han seg for å gjere hobbyen til levebrød. Målet til Espen er å lage godt øl og forkynne ølkultur.

Ann-Magritt er Espen sin medsamansvorne i Kinn Bryggeri, og har vore støttespelar heile vegen. Frå hausten 2014 var ho på plass i administrasjonen, og har marknad og sal som sitt felt. Ho har studert fransk, spansk, tysk, ulike samfunnsfag og har jobba som lærar i mange år.

Knut er ein ganske så aktiv styreformann i Kinn Bryggeri. Knut si oppgåve er å bidra til at vi, i tillegg til å bryggje godt øl, også utviklar Kinn Bryggeri som bedrift. Knut er økonom med variert bakgrunn, mellom anna som ein av gründerane bak IT-bedrifta Mercatus i Florø.

Andrew er tilbake som produksjonssjef! Skotten jobba hos oss frå 2018 – 2020 og sommaren 2022 greidde vi heldigvis å lokke han tilbake til Florø. Andrew har mykje erfaring frå bryggeri i Canada, New Zealand og Estland og han har solid har utdanning frå Harriot-Watt University. Andrew held ei stødig hand på produksjonen.

Federico frå Italia begynte hos Kinn Bryggeri våren 2022. Federico har mykje erfaring frå serveringsbransjen og er vinsommelier, men også lidenskapleg opptatt av øl. I tillegg har han stor språkinteresse og har studert både norsk og tysk. Federico har etterkvart tatt over bryggjinga på Vesle Kinn.

Greg kjem frå Silesia, ein region i den sørlege delen av Polen. Hans lidenskap for reising og interesse for å oppdage verda gjorde at han tok master i geografi og deretter pedagogikk. I løpet av studietida og i tida etterpå haika han rundt i Europa. Då han kom til Noreg blei han forelska i naturen her, og han bestemte seg for at han ville bli verande. Hans heimebryggjarinteresse og erfaring frå fleire bryggeri i Noreg dei siste åtte åra førte han til Kinn Bryggeri og jobben som tapperisjef.

Petter Odin er Florøgut, heimebryggjar og utdanna kokk. Han har med seg erfaring frå topprestaurantar både i Noreg og Sverige, og med sin lidenskap for smak passar han veldig godt inn i Kinn-temaet.

Joakim er ein ekte Florøgut med stor lidenskap for Kinn-øl. Han har jobba i skuleverket med ungdommar i mange år og har erfaring som bartendar, men hausten 2022 blei han ein del av Kinn-familien og held no styr på lageret.

Raoul er født og oppvaksen i Nederland, men i vaksen alder har han heile tida søkt nye høgder i livet. Medan han jakta på snøkledde fjelltoppar rundt i verda oppdaga han lidenskapen for øl. Han returnerte til røttene sine og begynte å utforske tradisjonelle europeiske ølstilar, som er det han likar aller best. Først utdanna han seg til ølsommelier og etterkvart begynte han å produsere øl. På Kinn Brygger har Raoul mulegheit til å drive med sine to største lidenskapar i livet: Drive med utandørs sportsaktivitetar i den flotte vestlandsnaturen og lage godt øl!

Heimebryggjaren Thomas byrja som sommarvikar på kontoret i 2014 og fekk jobb som seljar vinteren 2015. Han held forskjellige arrangement og opplæring på restaurantar og serveringsstader. Vidare held han kontakten med nye og gamle kundar. Hausten 2017 blei Thomas Salssjef for uteliv. Thomas er utdanna innafor marknadsføring og økonomi.

LingWu begynte å jobbe som logistikkoordinator våren 2019 og våren 2022 blei han logistikksjef. Med mange års erfaring frå lagerarbeid og med logistikkutdanning i ryggen så er han godt rusta til å koordinere logistikkarbeidet hos Kinn. Ling er også vår interne IT-support.

Oda har vore Kinn Bryggeri sin faste designar sidan oppstarten. Ho har illustrert og designa Kinn sin visuelle profil, og har sidan jobba for diverse andre bedrifter. Oda er utdanna i Visuell Kommunikasjon frå Birmingham Institute of Art and Design i England.